Søk på våre produkt her
Namnet SILJE er meir enn berre historie. Det er ei reise tilbake til røtene våre, og eit symbol på den stoltheita og kvaliteten som alltid har vore kjernen i Linn Bad.
SILJE – der nordisk ro møter varmen frå naturen
I 2025 feirar me 50 år med design, kvalitet og utvikling. I den anledning løftar me fram att namnet SILJE – vår aller fyrste modellserie – og gir det nytt liv i ei moderne drakt.
Du finn fram til SILJE ved å trykkje HER
Det er ikkje alltid lett å sjå føre seg korleis drøymebadet vil sjå ut.
Med Skap & sjå gjer vi det enklare å drøyme.
Her kan du leike deg med ulike uttrykk, velje skap, fargar, fliser og golv – og sjå korleis alt spelar saman til eit heilskapleg baderom. På den måten får du ei klarare kjensle av stilen, og tryggleik i vala du tek.