Linn Bad - frå Vik i Sogn
Linn Bad AS er ei familiebedrift - 3. generasjon har akkurat teke over roret. I snart 50 år har me designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn.
For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt DNA. Me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt.
Linn Bad - kortreist, norsk kvalitet i snart 50 år.
Takk for at du vel norsk - det skal være trygt for deg og dine.
Miljø er viktig for oss
I juni 2022 blei Linn Bad Miljøfyrtårn - sertifisert.
Linn Bad tek aktivt miljøansvar, og bidreg til den grøne omstillinga.
Det er me særs stolte av. Me vil fortsetje å jobbe vidre mot å bli enno grønare.
Me jobbar med våre underleverandørar i alle ledd, og våre varer blir levert utsleppsfritt i dei største byane. I all vår produktutvikling har me fokus på bærekreftige løysingar.
Ikkje mnist produserer vi i Noreg - det gir kortreiste møblar.
Møt vår designar - Andre Grønningen
Andre er designer og produktutviklar bak fleire av møblane våre. Han kjem frå Vik i Sogn, bur i Oslo og har bakgrunn innan musikk og evige studiar innan samfunnspolitikk.
Han har ei brennande interesse for design og funksjonalitet. Han let seg inspirere av dei store trendmessene i Europa, og kombinerer trend med brukarvennligheit til den norske marknaden.”
“Det skal ikkje berre sjå bra ut - du skal kunne leve med det og”
Største produsent
Linn Bad er i dag den største produsenten av baderomsmøblar i Norge.
Me trur det er fordi våre møblar passar for den norske heimen, og fordi me er opptekne av å lytte til deg som kunde. På kva du likar og kva du synest er praktisk i kvardagen. Ut i frå slike tilbakemeldingar utviklar me møblar for deg og din familie.
Våre medarbeidarar
Vit at det står dyktige folk bak møbelet ditt!
Alle på Linn Bad er like viktige i ein produksjonsprosess, og det er slik me jobbar. Me er opptekne av at du som kunde skal få eit møbel du skal ha lenge - og som er produsert i Norge, av folk med hjarte for faget.