Salgs- og leveringsvilkår

Oppdatert 1. januar 2023

I tillegg til desse vilkåra gjeld: 

Verken Linn Bad eller kjøpar kan leggje fram vilkår som er i strid med 
Salgs- og leveringsbetingelser for VA og VVS-bransjen eller som byggjer på vilkåra på ein slik måte at det fører til meirkostnad for ein av partane. 

Salgsvilkår

Tilbod 

Eit tilbod er gyldig i 30 dagar etter det er sendt, med mindre anna er spesifisert i tilbodet. Kjøpar er sjølv ansvarleg for å kontrollera at tilbodet stemmer overeins med kjøpars formål. Prisane i tilbodet er basert på tilbodsdagens prisar. 

Betaling 

Faktura daterast den dagen varen sendast frå lageret.  
Faktura sendast  standard som EHF. Det er 50 kroner gebyr for papirfaktura. 

Det er 30 dagars kreditt på kjøp av ordinære varer. 

Ved for sein betaling vert det lagt på morarente jamfør lov om renter ved forsinka betaling. Ved purring kjem eit purregebyr jamfør Inkassoloven. 

Alle prisar i Linn Bads prisliste er inklusive frakt. Utsending av tilleggskomponentar eller delar til varer på vår prisliste fakturerast med tillegg for frakt. 

Linn Bad har salgspant i leverte varer inntil kjøpesum med tillegg av renter og omkostningar er betalt, jamfør Panteloven § 3-14. 

Leveringsvilkår 

Prosjektmøbel HILDE: 1-3 arbeidsdagar 
Andre baderomsmøblar: 1-5 arbeidsdagar 
Vaskerom med standard benkeplater: 3-5 arbeidsdagar 
Vaskerom med skreddarsydde benkeplater: omtrent 2 veker 

Leveringstid er talet på dagar frå ordremottak til utsending frå lager. Eventuelle forseinkingar frå underleverandør er Linn Bad ikkje ansvarleg for. 

Leveringstid er ved normal produksjon dersom kjøpar ikkje blir gjort merksam på lenger leveringstid.  

Ordrestadfesting sendast så snart bestillinga er registrert. Ved mottak av ordrestadfesting er kunde ansvarleg for at denne stemmer overeins med bestilling. Eventuelle merknadar til ordrestadfesting må rapporterast snarast. 

Risiko for varen blir overført frå Linn Bad til kjøpar når varen blir sett på  som levert. 

Retur av varer 

Retur av vare aksepterast berre dersom Linn Bad har godteke retur på førehand. Retur godkjennast  berre for standard lagervare i uskadd originalemballasje. Det er gebyr på 30% av varens verdi for retur som ikkje skuldast feil frå Linn Bad si side. 

Kreditering av returvarer skjer snarast, og utbetaling skjer innan 30 dagar etter varen er motteke. 

Reklamasjonar og transportskader 

Følgjande vilkår er ei presisering av Salgs- og leveringsbetingelser for VA og VVS-bransjen

Formålet med vilkåra er å kostnadseffektivisera samarbeidet mellom Linn Bad og kunde, til fordel for forbruker.  

Alle førespurnadar om reklamasjonar og transportskader skal rapporterast gjennom skjema på Linn Bad sine heimesider: 

https://www.linnbad.no/reklamasjonar 

Transportskadar 

Varer sjekkast nøye ved mottak etter skader på emballasje. Signerast pakksetel, vedkjenner kjøpar at produkta er utan synleg skade ved levering. Oppdagar derimot kjøpar skade på emballasje, skal kjøpar ta bilete av skaden på emballasje. Deretter må produktet pakkast opp og undersøkast. Kjøpar tek bilete av eventuell skade på produktet. Dokumentasjonen sendast via skjema på Linn Bad sine heimesider snarast og seinast innan 7 dagar. 

I tilfelle der transportskadar blir oppdaga først etter oppakking av produktet (såkalla "skjult skade") kan skaden ha oppstått på kjøpars lager eller ved transport ut til forbrukar. I slike tilfelle delast kostnaden for erstatningsproduktet likt mellom Linn Bad og kjøpar. Linn Bad dekkjer ikkje eventuelle meirkostnader. 

Reklamasjonar 

Alle produkt frå Linn Bad blir nøye undersøkt for manglar av Linn Bad eller våre underleverandørar før innpakking og utsending. 

Produkta skal sjekkast nøye av kjøpar ved utpakking. Synlege manglar rapporterast skriftleg til Linn Bad snarast. Produkt med synlege manglar må ikkje monterast, med mindre dette avklarast med Linn Bad først. Blir synlege manglar meldt etter at produktet er montert, fell retten til å reklamere på produktet vekk. 

Linn Bad dekkjer ikkje meirkostnader i reklamasjonssaker der mangelen burde ha vore oppdaga før montering. 

Minstekrav til dokumentasjon på reklamasjonar: 

  • Ordre- eller fakturanummer 

  • Skriftleg skildring av avviket 

  • Bilete av produktet i sin heilheit 

  • Nærbilete av avvik med målestokk* 

  • Bilete av eventuell merking på produktet 

  • Samsvarserklæring dersom produktet er montert av elektrikar 

* Kosmetiske avvik, dimensjonsavvik eller skeivheiter skal dette dokumenterast med målestokk og eventuelt vater slik at avviket kjem tydleg fram i dokumentasjonen. 

Linn Bad dekkjer ikkje kostnadar for innhenting av dokumentasjon. 

Ynskjer kjøpar erstatningsvare før reklamasjonssaka er behandla, kan varen fakturerast som vanleg og krediterast om reklamasjonen blir godkjent. 

Kjøpar er ansvarleg for at varen lagrast på forsvarleg måte inntil reklamasjon er avklart. 

Ved godkjent reklamasjon vil Linn Bad dekkje direkte utskiftingskostnadar etter timepris 779 kroner eks. mva. Lærling får 75% av denne satsen. Linn Bad dekkjer ikkje monteringskostnader for erstatningsvarer som ikkje krev fagmann for å installerast.

Etikk og samhandling 

For fellesaktivitetar, herunder messer og liknande, held Linn Bad seg til 8 bud for etikk og god samhandling i VA- og VVS-bransjen, utforma av Rørentrepenørene, NRF og VVP. 

Force Majeure 

Linn Bad  kan ikkje haldast ansvarleg for manglar eller forseinkingar som skuldast forhold som ligg utanfor Linn Bads kontroll, irekna, men ikkje avgrensa til, lokal eller landsomfattande arbeidskonflikt, brann, krig, pandemi, datavirus eller andre alvorlege dataangrep, militær oppstand, beslaglegging, valutarestriksjonar, opprør, mangel på transportmidlar (stengte vegar, togforbindelsar m.m.), alminneleg varemangel, mangel på arbeidskraft eller innskrenkingar av krafttilførsel. 

Linn Bad skal gi kjøpar informasjon om slike forhold og fylgjene av desse innan rimeleg tid.  

Tvistar 

Desse salgs- og leveringsvilkåra og eventuelle tvistar som måtte oppstå mellom kjøpar og Linn Bad er underlagt norsk rett.  

Tvistar mellom kjøpar og Linn Bad skal søkjast løyst ved forhandlingar. Dersom slike forhandlingar ikkje fører fram, kan kvar av partane søkje tvisten avgjort ved voldgift i henhold til lov om voldgift av 14.mai 2004. Voldgiftssaka skal sjåast på som  innleia når den eine parten sender sin begjæring til den andre part om at tvisten skal avgjerast ved voldgift. Straks voldgiftssaka er innleia er partane forplikta til inngå separat avtale om at voldgiftsbehandlinga og voldgiftsrettens avgjering skal væra underlagt teiingsplikt. Linn Bad AS kan krevje at  tvisten istadenfor skal avgjerast ved dei alminnelege norske domstolar underlagt norsk rett.  

Personvern 

Tilsette hjå kjøpar vil kunne bestille produkt gjennom fleire kanalar der personopplysningar (namn, telefon, e-mail)  til tilsette hjå kunde blir registrert for å gjennomføra kjøpet. Linn Bad er behandlingsansvarleg. Handsaming av opplysningar er regulert i Linn Bads personvernerklæring, sjå www.linnbad.no/personvern.