Svart matt
Miljø 217 - Svart matt
La vaskerommet bli ei praktisk og stilfull løysing med svart matt overflate. Her ser du eit vaskerom i 260 cm breidde, perfekt til både små og større rom.
For å utnytte plassen best mogleg kan du setje vaskemaskin og tørketrommel oppå kvarandre – det skapar meir rom i kvardagen.
Med overskap over både maskinane og benkeplata får du ekstra mykje oppbevaringsplass, slik at alt frå vaskemiddel til handkle kan vere ryddig og lett tilgjengeleg.
Ønskjer du eit gjennomført uttrykk? Bruk dekksider i same farge som frontane, slik at vaskerommet får ein stilrein og elegant finish. Ei løysing som kombinerer funksjon og estetikk – for eit ryddigare og meir inspirerande kvardagsrom. Du finn vår vaskeromsbrosjyre her:
-
FRONTAR, SKROG OG DEKKSIDER Kvit er melaminbelagt 16 mm spon med ABS kantlisting. Svart/grå fronter og dekksider er laga av 100 % resirkulert spon og PET folie. PET består blant anna av gjenvunne materiale frå plastflasker. Bruken av PET fremjar reduksjon av CO2-utslepp, og er eit meir bærekraftig val. Skrog er 16 mm melaminbelagt spon. Handtak er forkromma stål.
SKINNER, HENGSLER OG ANNA TILBEHØR Trådkorger i høgskap er lakkert stål. Hyller i skap og høgskap er melaminbelagt spon. På våre skap med dører er det hengsler med integrert demping som standard. Skuffer har skinner med delt rulleuttrekk utan demping som standard. Skuff med demping (tillegg) har delt uttrekk som sikrar at skuffa blir lukka mjukt og lydlaust. Integrerte skuffeskinner er sjølvsmørjande, og treng ikkje å etteroljast.
SKYLLEKAR I RUSTFRITT STÅL B = 500 mm H= 240 mm D = 450 mm. Vaskekar for nedfelling med overløpsarrangement, 1½ ventil, plugg og kjede. Bruk våtromssilikon ved montering av servant. Ca 2 cm stripe på kvar skrogside, og ei tett stripe servant/vegg.
EMBALLASJE Produktene blir levert i miljøvennlig emballasje, og leveres til godkjent mottak.
-
For reingjering av våre vaskerosmøblar anbefaler vi eit mildt reingjeringsmiddel. UNNGÅ: Reingjeringsmiddel med skureeffekt, eller som inneheld løysemiddel. Syrer, klorin og ammoniakk må ikkje brukast. Ved spray på-tørk av produkter, vær varsam med å la sterke reingjeringsmidlar ligge for lenge på overflata før det blir tørka av. Våre skrog og frontar toler vatn, og produsert for å forhindre at vatn trenger inn. Dette betyr ikkje at møbelet er vasstett. Møblane toler ikkje å stå i vatn – ver varsam og tørk av så det ikkje blir liggjande på møbelet over lengre tid.